FjordMerd as
våre produkt referanser kontakt oss linkar
  Om oss  
 

FjordMerd as vart stifta våren 2005 for å ha eit profesjonelt fundament for samarbeidet mellom rørleggar Rune Berge og Østerbø Maskin as i arbeidet med å sertifisere og levere merder til fiskeoppdrett. VVS Service Rune Berge as og Østerbø Maskin as eig kvar 50 prosent i firmaet.

Rune Berge har i 15 år levert merder til lokale oppdrettarar i distriktet. Østerbø Maskin as har 27 års erfaring som leverandør til fiskeoppdrett, både i syrefast, galvanisert og aluminium. Til saman gir dette den solide erfaringa som gjer FjordMerd til din naturlege samarbeidspartnar når det gjeld kjøp av merder.

Vi har spesialisert oss på merder og kan difor tilby deg den beste kompetanse på dette området. Vi er ein partner du kan stole på. Gjennom lang erfaring og nytenking har vi komme fram til gode løysingar for dine merder.

Vi har sertifiserte sveisarar både på metall og plast. Kvalitetsikring tilsv. ISO 9001.

 
strek
FjordMerd as | 5962 BJORDAL | tlf: 57 71 38 00 | fax: 57 71 38 01 | fm@fjordmerd.no | Org.nr: 988 217 735
Design: KristinMy © 2005

 

tilbake til startsida tilbake til startsida